Ledige stillingar
Har du lyst til å selja arbeidsklede til kvinnelege superheltar? Er du klar for å ta butikken vår til neste nivå? Me leitar etter ein i seljar som synest sal er moro, tenkjer litt utanfor boksen, har erfaring frå retail, og som er god på kundeservice.
FLOR SØKJER KREMMAR! (Eller seljar som det heiter)
Flor lagar fine og funksjonelle arbeidsklede til kvinner i aktive yrke. Me ynskjer å hylla arbeidskvinna, og sikra at ho kan føla seg vel på jobb, antan ho jobbar på verkstad, i barnehage, i fjøset, syslar i hagen eller står med ein hammar i handa. Me sel ikkje berre arbeidsklede – me sel og arbeidslyst!
Butikksjefen vår skal ut i foreldrepermisjon, og me leitar derfor etter ein god kandidat som vil tre inn i eit vikariat frå august i år.
Du skal ha ansvar for den daglege drifta av butikken vår med fokus på omsetning, lagerdrift og kundeservice. Du har ei kreativ side og ser kva som trengs for å få fleire kundar, og for å halde arrangement i butikken. I tillegg, ynskjer me at du tek med deg kleda ut på vegen og lagar popup-butikkar rundt om i Norge med jamne mellomrom, samt deltek på messer.
Fordelen med å arbeida i ei lita gründerbedrift, er at du kan påverka eigen arbeidsdag. Du får samarbeida med eit lite superteam på 4, som alle jobbar iherdig mot same mål. Me lovar uformell stemning, godt arbeidsmiljø, en god dose humor og sjølvsagt konkurransedyktige vilkår. Du må vera strukturert, sjølvgåande, ha kremmarånd og god helse (her er ein del tunge løft😉). Har du i tillegg sertifikat (B), erfaring frå butikk, kjennskap til Tripletex, Zettle, og lyst til å bidra i våre SoMe kanalar, er du akkurat den me ser etter!
Butikken vår ligg i Vangsgata på Voss, og det er sjølvsagt ein fordel om du bur i nærleiken. Håpar du har lyst å bli med oss på reisa for å styrke arbeidskvinna, og skapa eit meir inkluderande arbeidsliv!
Send søknad til kjersti@florworks.no. Søknadsfrist 31.mars.
For spørsmål, kontakt dagleg leiar Kjersti La Motte på tlf: 97 00 33 38.

Historien til Flor
Kristin hadde i mange år en drøm om å lage bedre arbeidsklær for kvinner. Sammen med flere andre fikk hun det til!